Frost skaper trøbbel

Frå klokka 10 i dag skulle publikum få køyre gratis med den nye bybane-linja mot Fyllingsdagen i Bergen. – Men dette tilbodet har enno ikkje kome i gang på grunn av at frost på køyreleidningen har skapt trøbbel, seier pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss. Ho håper problemet snart er løyst, men at det er vanskeleg å seier når det skjer. – Vi veit at mange passasjerar ventar på dei ulike stasjonane for å prøve banen, seier ho. På Skyss si nettsida står det at dei håper å komme igang med køyringa i 11-tida. Linja skal opne for normal drift frå i morgon.