Stort vassleidningsbrot i Bergen

Det har vore eit større vassleidningsbrot i Kolstien på Landås. – Me har fått fleire telefonar om at det har kome vatn opp av gata der, seier vaktkommandør Helge Lund i 110 Vest. Brannvesenet, politiet, kommunen og Bergen Vann rykte ut til staden. Klokka 12.43 melder brannvesenet at dei har god oversikt og at det er minimale skadar etter brotet. F585 Nattlandsvegen ved Mannsverk er stengd, i tillegg til Landåslien og fleire sidevegar. Politiet skriv på Twitter at vatnet frys nokre stader og at strøbilar er på veg. Dei ber folk om å styra unna området både til fots og på hjul. Dei dirigerer trafikken i området.